Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt gå fram av vedtaket.
Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Det kan hende at det ikkje er ledige plassar, sjølv om du oppfyller vilkåra for sjukeheimsplass. I så fall får du eit skriftleg vedtak fra oss om at du oppfyller vilkåra og du blir sett på venteliste.