Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vaksine

Du har rett til å få vaksinering mot smittsame sjukdommar. Det er kommunen si helseteneste som står for tilbodet.

Tenesteomtale

Kommunehelsetenesta tilbyr deg vaksinasjon mot smittsame sjukdommar. Ta kontakt med fastlegen eller helsestasjonen.
 
Det nasjonale vaksinasjonsprogrammet inneheld
 
Barnevaksinasjoner, inkludert vaksinasjon av gravide mot kikhoste.
 
Vaksenvaksinasjonar som består av
  1. Årleg vaksine mot sesonginfluensa til personar som har fylt eller fyller 65 år i løpet av året og yngre risikogrupper.
  2. Årleg vaksine mot covid-19 til personar som har fylt eller fyller 65 år i løpet av året og yngre risikogrupper.
  3. Vaksine mot pneumokokk til personar fødd i 1960 eller seinare frå det kalenderåret dei fyller 65 år.
Vaksinasjon mot pandemisk influensa.

Målgruppe

Personar som bur eller har mellombels tilhald i kommunen

Kriterium/vilkår

Vaksenvaksinasjonar blir gitt til personar på 65 år eller eldre, og til yngre risikogrupper.

Pris for tenesta

Kommunen ta betalt for influensavaksine og kan ta ein eigendel for vaksine mot covid-19 og pneumokokk.

Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå
helse- og omsorgstenestelova § 1-1 og § 3-1
smittevernlova kapittel 3 

Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram
Smittevernloven
Helse- og omsorgstjenesteloven

Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Tjenesten oppdatert: 19.05.2025 17:05

Språk Norsk - NorwegianSpråk Sami - Samisk